Connecting Diversities in Music Education (CODIME)

Connecting Diversities in Music Education: Developing a Joint Master in Music Teacher Education

Prosjektet utviklar ein ”Joint Master in Music Education” i samarbeid med fleire partnarar i Europa. Våren 2016 er partnarane,- som representer svært ulike tradisjonar innan musikkpedagogiske studiar i Europa-,  Stord/Haugesund University College, Universitetet i Rzeszow, Polen, og Universitetet i Umeå, Sverige.

Tanken bak eit Joint Master prosjekt er at fleire institusjonar i fleire land går saman å gje studentane sine høve til å utvikla seg som musikkpedagogar i eit internasjonalt studiemiljø med opphald i ulike land. Prosjektet omfattar felles og innleiande seminar for studentar og fagtilsette, drøftingar, utarbeiding av studieopplegg m.m. som grunnlag for formell etablering og gjennomføring av eit toårig masterstudium. Prosjektet er finansiert av Statens senter for internasjonal utdanning (SIU).