Digital teknologi, språkleik og estetiske læreprosessar i barnehagen (DigEst)

Prosjektleiar: Høgskolelektor Ingrid Grønsdal

Forskingsleiar: Professor Magne Espeland

Innovasjonsprosjektet “Digital teknologi, språkleik og estetiske læreprosessar i barnehagen (DigEst)” tek sikte på å løyse to utfordringar i dagens barnehage: antisosiale effektar av barns bruk av skjermteknologi og den svake vektlegginga av fagområdet kunst, kultur og kreativitet. Måten prosjektet vil løyse desse utfordringane på er å ta i bruk innovative digitale skjermfrie teknologiar som mogleggjer sosiale og sansande kunst- og kulturopplevingar for barn i barnehagen. Forsking viser at skjermbaserte digitale verktøy kan bidra til passivisering av barn i staden for å vere ei kjelde til “leik, kommunikasjon og kunnskapsinnhenting” (Kunnskapsdepartementet 2012, s. 27). Prosjektet sin overordna idé er å utvikle prinsipp for bruk av innovativ teknologi som ivaretek barn sine kroppslege vere- og uttrykksmåtar, samt behov for kulturell danning og erfaring i barnehagen. Viktige samarbeidspartnarar i prosjektet er New York University, US,ved Dr. Alex Ruthman, og Stord og Tysnes kommunar. Søknad er sendt FINNUT programmet med en økonomisk ramme på ca. 7 mill NOK.