Høgskulelektor

Charlotte Tvedte

Kunst og handverk

Charlotte underviser i grunnskule- og barnehagelærarutdanninga. I saman med Torunn Hetland har ho arbeidd fram design av eit fleirfagleg undervisningsopplegg, ARTig som er ein del av IMTE-prosjektet. Dette prosjektet undersøkjer det utvida skriveomgrepet og prosessen frå fakta til fiksjon. Fagboka for barn står i sentrum, og elevane både les, skriv, teiknar og skapar eigne multimodale uttrykk. Ho har også vore aktiv i WASO prosjektet.