Skolefagsundersøkelsen 2011: Praktiske og estetiske fag på barnesteget i norsk grunnskule

Prosjektleiar: Professor Magne Espeland

Skolefagsundersøkelsen 2011 var ei vidareføring av arbeidet som vart starta med gjennomføringa av Skolefagsundersøkelsen 2009, som var knytt til forskingsprosjektet ”Utdanning, fag og teknologi”. Dette prosjektet var finansiert av Norges forskingsråd og hadde ei nasjonal survey undersøking som hovudelement i arbeidet. Hovudrapporten vart utforma av ei tverrfagleg forskargruppe der også praktiske og estetiske fag var sterkt representerte (Vavik m.fl., 2010). Det tverrfaglege samarbeidet som oppstod gjennom førebuing og gjennomføring av denne undersøkinga er vidareført i arbeidet med Skolefagsundersøkelsen 2011. Denne gongen var temaet situasjonen for praktiske og estetiske fag på barnesteget i norsk grunnskule, nærare bestemt skulefaga kroppsøving, kunst og handverk, mat og helse og musikk (PE-fag), slik den blir opplevd av praktiserande lærarar. Forskargruppa som står bak prosjektet og rapporten er samansett av lærarutdannarar og fagdidaktikarar innan skulefaga kroppsøving, kunst og handverk, mat og helse og musikk. I første del av rapporten fokuserer me på det som er felles for dei praktiske og estetiske faga medan andre del består av fagrapportar frå faga. Metodiske spørsmål er gjort greie for og drøfta i kapittel 1 i rapporten. Sjå: Skolefagsunderskelsen 2011