Write a Science Opera (WASO)- EØS

Prosjektleiar: Oded Ben- Horin

Write a Science Opera (WASO) er eit kreativt kunst – og naturfagleg utdannings konsept, der elevar på ulike trinn lagar ei vitskapsbasert førestilling, saman med  lærarar, operakunstnarar og forskarar. WASO konseptet er ei vidareutvikling av HSH sitt nære samarbeid med Royal Opera House I London om introduksjon av “Write an Opera” metodikken i Norge.

WASO vart utvikla for å imøtekoma utfordringa både i EU og Noreg med å rekruttera nok studentar som ynskjer ein karriere innan Naturfag\Teknologi\Ingeniør\Matematikk (STEM) faga. WASO metodikken tar barns resurrsar og idear på alvor. Den tilby ei undersøkjande tilnærming til vitskaplege tema som lys, verdsrommet o.l, og engasjerer elevane I skapande prosessar der dei brukar alle operaens verkemiddel, musikk, dans, kostymer, kulissar og fortelling.

WASO er utgangspunkt for fleire STEAM orienterte prosjekt. Det avlsutta prosjektet I Portugal var eit samarbeid mellom Matos, Caiano & Wandschneider , Bergen nasjonale opera, Universitetet i Stavanger  og Stord/ Haugesund Høgskole som ko-ordinerte dette EØS prosjektet.